Claudia Scott til Store Ringheim

Arrangementsinformasjon

15.februar inviterer Store Ringheim til festmiddag og intimkonsert med Claudia Scott. Dørene opnar 16.30 og middag byrjar kl 17.00. Det vert servert ein firarettars festmeny av vintersesongens smakar. Mykje godt vart hausta inn i haust, og vert klargjort til denne kvelden. Claudia Scott kjem på scenen kl 19.00- 20.00. Dette vert ein kosleg kveld med nydeleg musikk og deilig mat.

Pris: 990kr inkl konsert og 4 rettar-middag

Om de ynskjer overnatting er det frå 1990 pr person i dobbeltrom. Ta kontakt direkte med oss for å bestille dette: booking@storeringheim.no

#claudiascott
#festmiddag
#storeringheimhotellogrestaurant
#intimkonsert